Konsert med Sjøforsvarets Musikkorps fredag 17. juni

Rocka korpsstemne for femte gong!


Sjøforsvarets musikkorps opnar stemnet !


I samband med Rocka musikkstemne på Nordfjordeid i juni har vi ei stor og gledeleg overrasking å komme med. Vi får besøk av Sjøforsvarets musikkorps - eit av verdas beste korps - eit profesjonelt korps !


Dei kjem til å levere ein forrykande konsert, i Operahuset sin storsal, på fredagskvelden den 17. juni. Korpset har sett i hop eit repertoar med futt i, som vil inspirere og motivere oss alle til ei kjekk stemnehelg her på nydelege sommarkledde Nordfjordeid.


Dei har med seg Erlend Ona Gjul og Christine Marøy som songsolistar, og det kan være det dukkar opp fleire overraskingar i løpet av konserten – dette bør ein ikkje gå glipp av ! Konserten starter fredag kveld kl 19:00 og varer om lag 1,5 time inkludert pause


Dei av stemnedeltakarane som vil vere med på denne konserten betaler kun kr 275 per billett. Desse billettane vert bestilt gjennom den endelege påmeldinga.




VEL MØTT!!



Sjøforsvarets Musikkorps i Eidsgta frå eit tidlegare besøk på Nordfjordeid.  Foto: Tormod Flatebø.

Sjøforsvarets Musikkorps i Eidsgta frå eit tidlegare besøk på Nordfjordeid.  Foto: Tormod Flatebø.