Seminar

Overnatting, servering og aktivitetar - alt skjer i gangavstand !

Seminar

 

 

Dans- og drillseminar

For deg som er ferdig med aspiranttida og har drilla nokre år.

 

Bli med på dans- og drillseminar med instruktørane Ann Mari Bjørlo og Torill Marie Kufaas Karlsen! Her vil du lære ein todelt dans, og instruktørane legg vekt på koreografi der ein nyttar drillstav i delar av dansen.

 

Ann Mari Bjørlo: utdanna danseinstruktør ved Norges danseforbund i 2002 og har jobba på Hildemors Dansesenter i Bergen. Ho er òg autorisert zumbainstruktør og har no Dance fitness-timar på Aktiv Trening.

 

Torill Marie Kufaas Karlsen deltek som hjelpeinstruktør og er òg autorisert zumbainstruktør. Ho har vore step og aerobicinstruktør sidan 1999 og har no step-timar på Aktiv Trening.

 

Benedicte Sætre

Drillseminar for nybyrjarar

 

Drillseminar for deg som har drilla 1- 2 år. Her får du lære ein koreografi du kan ta med deg heim og arbeide vidare med.

 

Benedicte Sætre er instruktør for seminaret. Ho har sjølv drilla i 10 år, mellom anna i Nordfjordeid skulekorps drilltropp. Benedicte har tatt alle instruktørkursa til NMF og har erfaring med koreografiar for både grupper, duettar og solo. I 2015 deltok ho i VM i pompons i Italia. Ho går no 3. året på dans på Firda vidaregåande skule og har planar om å halde fram med dans etter dette.

Bli med på seminar med SKIVA!

 

Dei fire karane i SKIVA! møttest på jazzlinja på Grieg-akademiet i 2010. Dei kjem til rocka

stemne for å lære vekk musikk utan notar og å lære vekk korleis ein kan improvisere. Dei har

alle bakgrunn frå korps og dei kom i kontakt med gehørspel og improvisasjon nettopp

gjennom seminar av den typen dei no sjølv held.

 

Morten (27), sax:

Kjem frå Horten og fullførte sin bachelor i jazz i 2014. Han bur i Bergen og jobbar freelance

bl.a i bandet Razika.

 

Andreas, trombone (26):

Kjem frå Nordfjordeid og går for tida siste året av ein master i musikkteknologi på Norges

Musikkhøgskule i Oslo. Han spelar og mykje ved sida av studiet, bl.a i Razika og i Ytre Suløens

Jass-Ensemble.

 

Steffen, tuba (27):

Kjem frå Mjøndalen og fullførte sin bachelor i 2014. Han jobbar no delvis i NMF og delvis

som freelance i bl.a bandet Chili Vanilla.

 

Tore, trommer (28):

Kjem frå Oslo. Han har òg ein bachelor i jazz og jobbar som freelance trommis og som

trommelærar.

Skiva !

Juniorseminar

 

Nivåtilpassa samspel for juniorar; du som er inne i ditt andre år som musikant. Kanskje har du nett starta i hovudkorpset eller skal ta til etter sommaren. Du har spelt i om lag 2 år.

 

Instruktørane Tryggve Dyrvik (trombone og messing) og Rebecca Smilovski (fløyte og treblås) jobbar begge i Kulturskulen i Eid. Her underviser dei grupper, einetimar og dirigerer korps. Dei har både aspirant- og junioropplæring i korps som del av arbeidet sitt.

 

Rebecca Smilovski
Tryggve Dyrvik

Aspirantseminar

Nivåtilpassa samspel for aspirantar; du som er inne i ditt første år som musikant. Kanskje spelar du allereie i eit aspirantkorps eller har lyst til å gjere det. Du har spelt i om lag 1 år.

 

Instruktør Eldri Rimmereid er tubaist utdanna ved Stavanger Musikkonservatorium (Universitetet i Stavanger). I Eid kommune jobbar ho som lærar ved Haugen skule og som skulekorpsdirigent. På fritida spelar ho i Kjølsdalen musikklag. Ho har lang erfaring med å undervise på aspirant- og juniornivå.

 

Slutta orden

Instruktør Erlend Ona Gjul er skodespelar og lærar, og tidlegare korpsmusikant. Han har spelt både kornett og tuba og stod som medlem i Rennesøy skulekorps i nesten 10 år. I år er han med oss som marsjinstruktør, og mange her på Nordfjordeid kjenner han som premiærløytnant Myklebust i musikkspelet Elskhug og Eksis. I fjor hadde han rolla som løytnant von Trapp i Opera Nordfjord si oppsetting av Sound of Music.

 

Erlend har også befalsutdanning frå infanteriet og mange års erfaring som instruktør i "slutta orden" for fleire korps rundt om landet. Her gjeld det å vere klar til appellane slår i gata !