Praktisk

Overnatting, servering og aktivitetar - alt skjer i gangavstand !

Praktiske opplysningar

 

Stemneleiar Magni Flyum, tlf: 93 42 27 56

 

Kart:

Kart over Nordfjordeid

 

E-post:

velkomen@korpsstemnet.no

 

1. Når de kjem / innkvartering

Når de kjem på fredag, må de alle køyre til Operahuset. Det er særleg viktig at alle bussar og bilar følgjer skiltinga for å unngå trafikkproblem (frå rundkøyringa E39/R15 opp mot sjukehuset og ned til Operahuset).

 

Reiseleiar for kvart korps møter i stemnekontoret i Operahuset (sjå skilt), medan resten av korpset ventar i bussen.

 

  • Overnattingsguide blir med korpset for innkvartering på tildelt overnattingsstad.
  • Leiar blir med tilbake til sekretariatet for praktisk gjennomgang
  • og for å hente mappe med spesifisert informasjon for korpset dykkar.
  • Dei som ikkje har levert namnelister før, gjer dette no.

2. Overnatting

Eid ungdomsskule og Nordfjordeid skule ligg tett saman, i gangavstand frå både Operahuset, Eid vidaregåande skule og sentrum (sjå kart på midt- sidene). Det er sett av plass til eit enkelt liggeunderlag per person. Det er viktig at alle får melding om dette.

3. Logistikk

Vi håpar de forstår at det er mange puslespelbitar som skal passe inn for at alle skal få gjennomført det dei er sett opp på. Derfor er det viktig at kvart korps held seg til tidsplanen for lydsjekk, speletider, måltid osb. som dei får utdelt når dei kjem.

 

4. Speling i Eidsgata

Dette føregår laurdag kl. 11.30–14.15. Det er fire spelestader i gata. Ved Rema 1000 og Badstutomta er det ca. 20 minutt speletid og ein halv time mellom kvart korps. Ved Gamle Moengården og i Klatreparken har vi sett opp «rundspeling». Då disponerer tre korps om lag 1 time saman og spelar kvar sin gong etter kvarandre. Korpsa vert ståande medan dei andre spelar.

 

5. Lydsjekk for dei som skal opptre på Rocka festkonsert laurdag

Tidspunkt for lydsjekk laurdag vert frå kl. 13.30. Eige oppsett vert delt ut når de kjem. Det vert sett opp 20 minutt per innslag for å teste lyden og organisere oppstillinga på scena. For nokre korps kan dette kollidere med andre aktivitetar.

 

6. Måltid

Alle måltid blir i foajeen på Operahuset. Lunsjpakken søndag kan nytast der det måtte passe kvart enkelt korps. Dei som skal ha tilrettelagt mat og har gjeve beskjed om dette på førehand, tek kontakt i kiosken. Det kan vere greitt at ein leiar frå det aktuelle korpset tek ansvar for at dette blir gjort.

 

Matbongar kan kjøpast i kiosken i Operahuset: middag 100 kr og brødmål- tid 50 kr. Dersom besøkjande ønskjer å kjøpe middag, må vi få vite dette innan 6. juni.

 

7. Parkering for buss og bil

Meld frå på førehand om de har behov for bussparkering. Etter at korpsa er innkvarterte, skal bussane parkerast på tilviste plassar av parkeringsansvarleg.

 

8. Kiosk

Det vil vere kioskar på overnattingsstadene og i Operahuset, og dessutan i idrettshuset laurdag kveld.

 

9. Kino og symjehall

Kinosalen har om lag 100 sete. Vi har ikkje påmelding til dei fire framsyningane. Same film blir vist alle gongane. I år er det Jungelboken.

 

Det er heller ikkje påmelding til symjehallen. Det er plass til inntil 60 personar i bassenget om gongen. Ein kan vere i bassenget frå heil klokketime og i 45 minutt. Opningstidene står i programmet. Obs: Alle må ha badehette i bassenget!

 

10. Garderobe og dusj

Skulane har toalett og handvaskar. Idrettshuset har garderobe og dusjanlegg.

 

11. Tilgjenge med armband

Alle som har betalt deltakaravgift, får armband som gjev tilgjenge til alle aktivitetane og til måltid. Vi sel ekstra band for 950 kr.

 

12. Oppmarsj laurdag

Det er fire tog som møtest ved Gamlebanken/Eidsgata til opninga.

 

Dei fire rutene er:

 

1. Sjukehuset – Sjøgata – opp ved Narvesen til Gamlebanken (1000 m)

2. Ungdomsskulen – Caverion – Eidsgata – Gamlebanken (1300 m)

3. Eldretunet – gangveg til rådhuset – Gamlebanken (1100 m)

4. Barneskulen – Korsen – Rådhusvegen – Almenningen – Gamlebanken (1150 m)

 

Ei vakt følgjer kvart tog heilt fram.

 

13. Fellesnummer

Ved Gamlebanken under opninga skal alle korpsa spele:

 

«Det går eit festtog gjennom landet»

(tekst: Grethe Myhre Skottenes, musikk: Carl-Andreas Næss, arr.: Idar Torskangerpoll)

 

14. T-skjorter

Vi har eit avgrensa opplag T-skjorter. Desse kan kjøpast i kiosken på Operahuset for 100 kr pr. stk .

 

15. Viktige telefonnummer

Stemneleiar: 934 22 756

Legevakt: 57 86 10 00

 

16. Konsert med Sjøforsvarets Musikkorps

Konserten vert i Kultursalen i Operahuset Nordfjord fredag kl 19.00. Korpsa som har bestilt desse til stemnepris får utdelt sine billettar når dei kjem. Dersom det er fleire som ønskjer billett kan dette bestillast på www.operahuset.no eller i døra om det er fleire billettar att. Vi oppmodar om at de ordnar billettar på førehand.

 

17. Festkonserten laurdag

Det kan kjøpast enkeltbillett til festkonserten laurdag kveld ved inngangen til idrettshuset for 100 kr.

 

18. Diskotek

Etter festkonserten vert det diskotek med moderate lyseffektar i idrettshuset. Frå kl. 23.00 aukar det med lyseffektar som strobelys. Ver merksame på dette med omsyn til epilepsi. Dette er til orientering!

 

Sjølv om det ikkje skulle vere nødvendig, minner vi om at dette er eit rusfritt arrangement. Vi ber om at alle rettar seg etter det.

 

Velkomne til Rocka musikkstemne på Nordfjordeid.

 

Vi ser fram til ei helg som vi håpar blir til glede og inspirasjon for alle som er med.

 

Vel møtt!

 

Venleg helsing

Dei seks arrangørkorpsa i Eid kommune v / stemneleiar Magni Hjertenes Flyum