Arrangør

Rocka korpsstemne for femte gong!


Stårheim Skulekorps

Stårheim skulekorps vart stifta i 1968. Vi held til vest i kommunen, i fruktbygda Stårheim.

Korpset er eit brassband med  34 medlemmer. 6 av desse er aspirantar, og 7 er juniorar som tok til å spele i hovudkorpset ved årsskiftet. Aspirantar og juniorar får opplæring i skuletida av Tryggve Dyrvik i kulturskulen. Korpset øver kvar onsdag på Stårheim skule, under eminent leiing av vår alltid blide, tålmodige og inspirerande dirigent Eldri Rimmereid.


Vi er opptekne av å ha det kjekt i lag, på tvers av årstrinna. Vi plar starte korpsåret med øvinghelg med bowling, vi speler på julegrantenning og arrangerer basar vår og haust. Korpset har god støtte i bygdefolket, og utgjer ein viktig del av 17. mai-feiringa i bygda. Elles deltek vi på vårkonsert og ulike speleoppdrag i løpet av året, og avsluttar sesongen med ein tur i lag. I år går vegen til korpsfestival på Bornholm rett etter Rocka stemne.



Hjelle skulemusikk

Hjelle skulemusikk vart skipa 18. november 1975, og pådrivaren var dåverande rektor Daniel Bjørlo. Til neste år fyller vi 40 år, og det skal vi markere!


Helge Rønnekleiv har dirigert korpset sidan 1984. Med imponerande inspirasjon og innleving får han alle med på rytmane. Norsk rock har vore temaet vårt i år, og det vil vi vise under stemnet.


I år er vi 33 medlemmer i korpset, av desse er 6 juniorar og 6 aspirantar. Vi øver kvar måndag heile skuleåret. Juniorane spelar i lag med hovudkorpset, medan aspirantane får undervisning i skuletida gjennom kulturskulen. Hjelle skule har 86 elevar og ligg 5 kilometer aust for Nordfjordeid sentrum. I år har vi hovudansvaret for dette stemnet, og vi vonar alle får ei triveleg helg på Nordfjordeid!



Kjølsdalen skulemusikk

Kjølsdalen skulemusikk vart skipa 7. desember 1972. På 40-årsjubileet i juli 2012 spelte vi med konsert saman med musikaren Odd Erik Lothe, som er tidlegare musikant i Kjølsdalen skulemusikk.


Musikantane i korpset kjem frå dei vestlegaste bygdene i Eid kommune: Reksnes, Kjølsdalen, Ervik, Haus, Midthjell og Lefdal. Korpset har brassbesetning, og vi er i år 20 musikantar og 2 aspirantar. Kvar tysdag øver vi i Kjølsdalen samfunnshus. Aspirantane og musikantane til og med 7. trinn får også opplæring i skuletida på Kjølsdalen montessoriskule.


Tryggve Dyrvik frå Kulturskulen i Eid er vår trufaste og dyktige dirigent.


Følg oss på Facebook! https://www.facebook.com/kjolsdalenskulemusikk/ 


Kjølsdalen musikklag

Kjølsdalen musikklag vart skipa i 1926. Vi held til heilt vest i Eid kommune, mellom Nordfjordeid og Måløy. Ungdommar og vaksne frå alle skulekrinsane i Eid spelar i brassbandet, og vi har i år 30 medlemmer mellom 15 og 65 år. Heile ti av desse er skulekorpsmusikantar! Vi ønskjer medlemmer frå skulekorpsa hjarteleg velkomne til å bli med oss frå den hausten dei er eller vert 15 år. Vi er opptekne av at dei samstundes må halde fram i skulekorpset sitt!


I 2015/16 har vi to dirigentar: Thomas Aanonlie, distriktsmusikar i Gloppen, og Arvid Anthun, distriktsmusikar i Førde. Vi øver kvar tysdag i Kjølsdalen samfunnshus.


Speleglede er det aller viktigaste for oss. Vi arrangerer og deltek på varierte aktivitetar som til dømes julekonsert, musikalske middagar, ulike konkurransar og speling på sommarshopping i Eidsgata. For tredje år på rad skal vi også ha eit stort dugnadsoppdrag for og på Malakoff Rockfestival. Vi tek i mot og registrerer alle frivillige dei to festivaldagane.


Eid musikklag

Eid musikklag vart skipa 25. november 1913 under namnet Kjøsnesmusikken. Musikklaget er ei forlenging av dette militærkorpset, som hadde tilhald på Malakoff på Nordfjordeid frå 1649 - den eldste ekserserplassen her til lands.

Eid musikklag er eit janitsjarkorps for ungdom og vaksne. 8 av dei 34 medlemmene spelar også i Nordfjordeid skulekorps. Samarbeidet med skulekorpsa i kommunen er viktig for rekrutteringa til korpsmiljøet. Eid musikklag er såleis eit ekstratilbod for unge musikarar der dei får utvikle seg musikalsk og spele på eit høgare nivå.


Korpset øver to timar éin gong i veka med dirigent Rebecca Smilovski. Repertoaret er mangfaldig og stadig meir utfordrande for kvar av musikarane. Vi jobbar kontinuerleg for å forbetre oss musikalsk, og den sosiale fellesskapen står høgt.


Nordfjordeid skulekorps

Nordfjordeid skulekorps vart skipa 21. november i 1961 og feira dermed nyleg 50 år. Vi er eit janitsjarkorps med drill. I år har vi 64 medlemmar i korpset, av desse er 5 aspirantar og 11 drillarar.


Vi er eit veldrive korps med aktive utøvarar, styre og foreldre og ikkje minst instruktørar og dirigent. Rebecca Smilovski svingar taktstokken på øving kvar veke, og Sissel Dahle er hovudinstruktør for drillarane. Dei eldste musikantane og drillarane tek stort ansvar på øvingane.


Vi vann 3. divisjon janitsjar i Nordvestmeisterskapen i Sogn og Fjordane i år. Der gjorde drillen også ein flott innsats med tre førsteplassar av fire moglege. Korpset og drillen var på tur til Scarborough i 2013, og i år skal vi til landsfestivalen i Trondheim. Alle i og rundt Nordfjordeid skulekorps gir av sin positivitet! Vi er dei raude og svarte og kvite.