Start

Rocka korpsstemne for femte gong!

Velkomen til kulturbygda Nordfjordeid!


Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord er kjent for mange. Saman med mellom andre Operahuset Nordfjord og Sagastad skapar desse kulturopplevingar i bygda vår gjennom heile året.


Nordfjordeid har også lange korpstradisjonar, og i juni 2020 inviterer seks samarbeidande korps i kommunen om å arrangere Rocka korpsstemne for femte gong.


Vi vil med dette invitere musikalske vener til nokre opplevingsrike junidagar på Nordfjordeid. Vi tilbyr eit kompakt arrangement der bussen kan stå i ro heile helga. På Rocka korpsstemne er overnatting, aktivitetar og Nordfjordeid sentrum i gangavstand.

Bli med de også!

Hans Majestet Kongens Garde kjem til Eid


Som ein del av Nordvestlands-turneen sin vil Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) 3. Gardekompani delta på Rocka korpsstemne 19. og 20. juni.


HMKG 3. Gardekompani består av musikktroppen på 80 vernepliktige og drilltroppen på 40 vernepliktige. Sjølv om alle detaljar ikkje er på plass, kan vi mest sannsynleg vente oss oppmarsj gjennom den unike Eidsgata, full utandørs drilloppvisning og konsert i Operahuset Nordfjord.


Vi gler oss til ei fantastisk oppleving på den gamle militærstaden Nordfjordeid!