Start

Rocka korpsstemne for femte gong!

Avlysing av Rocka korpsstemne


Før påske bestemte regjeringa av det skal vere forbod mot store kultur- og idrettsarrangement fram til 15. juni. Rocka korpsstemne skal gå av stabelen helga 19. - 21. juni, men vi har ingen garanti for at arrangementforbodet ikkje blir vidareført. Regjeringa har også signalisert at nordmenn må belage seg på strenge smitteverntiltak over lang tid, for eksempel avstandsavgrensing på to meter.


Vi arrangørkorpsa har no bestemt oss for å avlyse Rocka korpsstemne 2020. Vi takkar alle som har meldt seg på, alle sponsorar som ville vere med å støtte arrangementet på ulike vis, alle frivillige foreldre, besteforeldre og andre som har stått klare til dugnad, og elles samarbeidspartar og støttespelarar som har heia på oss.


Vi satsar på å arrangere Rocka korpsstemne i anten 2021 eller 2022, og vi håpar Hans Majestet Kongens Garde har høve til å vere saman med oss på eit nytt stemne. Dette kjem vi tilbake til!


Ta vare på kvarandre 😊


Beste helsing arrangørkorpsa,


Hjelle skulemusikk, Haugen skulemusikk, Kjølsdalen skulemusikk, Nordfjordeid skulekorps, Kjølsdalen musikklag og Eid musikklag

Velkomen til kulturbygda Nordfjordeid!


Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord er kjent for mange. Saman med mellom andre Operahuset Nordfjord og Sagastad skapar desse kulturopplevingar i bygda vår gjennom heile året.


Nordfjordeid har også lange korpstradisjonar, og i juni 2020 inviterer seks samarbeidande korps i kommunen om å arrangere Rocka korpsstemne for femte gong.


Vi vil med dette invitere musikalske vener til nokre opplevingsrike junidagar på Nordfjordeid. Vi tilbyr eit kompakt arrangement der bussen kan stå i ro heile helga. På Rocka korpsstemne er overnatting, aktivitetar og Nordfjordeid sentrum i gangavstand.

Bli med de også!

Hans Majestet Kongens Garde kjem til Eid


Som ein del av Nordvestlands-turneen sin vil Hans Majestet Kongens Garde (HMKG) 3. Gardekompani delta på Rocka korpsstemne 19. og 20. juni.


HMKG 3. Gardekompani består av musikktroppen på 80 vernepliktige og drilltroppen på 40 vernepliktige. Sjølv om alle detaljar ikkje er på plass, kan vi mest sannsynleg vente oss oppmarsj gjennom den unike Eidsgata, full utandørs drilloppvisning og konsert i Operahuset Nordfjord.


Vi gler oss til ei fantastisk oppleving på den gamle militærstaden Nordfjordeid!